logo_utan_firmanamn968.png
Heim Epost Sidekart Handlekorg Gå til handlekorg:
Meny

Planar under arbeid siste åra, og vegen vidare framover

render_framan_kvold_sky_2.jpg

Fleire store prosjekt har vore under arbeid siste åra, Nytt bakeri og kafe, Economuseum/Visningssenter på Mylnå og ny visuell identitet. Arbeidet med ny visuell identitet vart støtta av Innovasjon Norge, og Ulstein IT Senter (no Osberget AS) fekk oppdraget med å gje Volda El. Mylne ny logo, nettside, nettbutikk og ny emballasjedesign. Dette prosjektet vart avslutta i 2012 og stettar fleire av vilkåra for å gjere Mylnå til eit visningssenter. Mylnå kan bli det første Economuseum/Visningssenter i Møre og Romsdal for handverkstradisjonar og produkt. Det vert her stilt krav om driftstid, tal tilsette, produktkvalitet, nyskapande produkt, opningstider, å ta imot besøkande, lokalisering i høve turistrute, helse, miljø sikkerheit, kvalitet på bygning, samarbeid med nasjonale og internasjonale nettverk, å engasjere yngre menneske i handverksopplæring, utvikling av ny design og samarbeid med lokale kunstnarar og høgskule/universitet. Forprosjektet fekk støtte frå Møre og Romsdal fylke, Volda kommune og Sparebank1. 

Mylnå samarbeider no med eit par bakarar om utvikling og drift av nytt, stort bakeri og ny flott kafe mot sjøsida i samband med ombyging av "storelageret". Volda er i dag eit knutepunkt på Søre Sunnmøre, med to store nye vegsamband, Kvivsvegen og Eiksundsambandet. Det er 5 minutt frå sentrum til flyplass med 6-7 daglege avgangar til Oslo, og Volda har både Høgskule og Fylkessjukehus. Mange voldingar ser fram til å få eit handverksbakeri a la Bakeriet i Lom, og gjennomgangstrafikken frå Nordfjord og øyane på Ytre Sunnmøre vil få ein ekstra god grunn til ein liten stogg i Volda. Det blir eit unikt konsept å kunne vise gangen frå korn til mjøl, og vidare til brød i bakeriet for så til slutt å nyte det ferdige produktet i en flott kafe med utsikt til fjord og fjell.

Sunkost Volda opna dørene 24. oktober 2014 i lokala der Mylneriet var tidlegare. Dagleg leiar er Janne Moe. No kan mjølet frå kvernene kjøpast her, samt mange andre spanande og helsebringande produkt.

 

mylna_volda_presentation_finale.pdf

Nokre av våre produkt

Kveitevals Kveitevals Steinmalt byggmjøl Steinmalt
byggmjøl
Steinmalt kveitemjøl Steinmalt
kveitemjøl
Steinmalt spelt Steinmalt
spelt
Valsa bygg Valsa bygg Valsa rug Valsa rug Valsa spelt Valsa spelt Steinmalt havremjøl Sammalt
havremjøl
Volda El.Mylne AS | Tlf. 70 05 55 10 1 Fax:70 05 55 11 | Epost | Hamnegt. 16 | Pb.104 | 6100 Volda CMS og design: Osberget