logo_utan_firmanamn968.png
Heim Epost Sidekart Handlekorg Gå til handlekorg:
Meny

Bakaren i Lom

morten.jpg

Morten Schakenda valde bort eit liv som kjøkkensjef på hovudstadsrestaurantar til fordel for brøddeigen i Lom.

Morten nyttar mjøl frå Volda El. Mylne for å skape den gode smaken i bakverket frå dei vedfyrte steinomnane i Lom. Mjølet har unike kvalitetar i seg.

Utmerkingar til Mylnå siste åra

espelid.jpg

Siste åra har Mylnå motteke fleire prisar, m.a.  "Årets råvare frå Land" under Matfestivalen i Ålesund for platetørka havregryn i 2008. Seinare same haust vart havregryna vår presentert karamellisert i lynghonning frå Bjørka som dessert under festmiddagen til "Det Norske Måltid" i Stavanger.

Til høgre ser vi dagleg leiar i ein hyggeleg prat med Ingrid Espelid etter desserten til Årets Måltid 2008.

Storhende på Mylna i seinare tid

I løpet av siste åra har Mylnå motteke fleire prisar. 11. juni 2008 mottok Volda El. Mylne kvalitetsmerket Olavsrosa frå Norsk Kulturarv som den femte staden her i fylket og grunnen var: ” forbilledlig kombinasjon av tradisjonell bruk og modernisering som ivaretar og fornyer det tekniske utstyret gjennom opprettholdelse av en unik håndverkstradisjon” iflg. styreleiar Inger-Lise Skarstein.

Mylnå sine planar under arbeid siste åra, og vegen vidare framover

render_framan_kvold_sky_2.jpg

Fleire store prosjekt har vore under arbeid siste åra, Nytt bakeri og kafe, Economuseum/Visningssenter på Mylnå og ny visuell identitet. Arbeidet med ny visuell identitet vart støtta av Innovasjon Norge, og Ulstein IT Senter (no Osberget AS) fekk oppdraget med å gje Volda El. Mylne ny logo, nettside, nettbutikk og ny emballasjedesign. Dette prosjektet vart avslutta i 2012 og stettar fleire av vilkåra for å gjere Mylnå til eit visningssenter. Mylnå blir det første Economuseum/Visningssenter i Møre og Romsdal for handverkstradisjonar og produkt. Det vert her stilt krav om driftstid, tal tilsette, produktkvalitet, nyskapande produkt, opningstider, å ta imot besøkande, lokalisering i høve turistrute, helse, miljø sikkerheit, kvalitet på bygning, samarbeid med nasjonale og internasjonale nettverk, å engasjere yngre menneske i handverksopplæring, utvikling av ny design og samarbeid med lokale kunstnarar og høgskule/universitet. Forprosjektet fekk støtte frå Møre og Romsdal fylke, Volda kommune og Sparebank1. 

Mylnå har arbeidd i fleire år med planlegging av nytt, stort bakeri og ny flott kafe mot sjøsida i samband med ombyging av "storelageret". Volda er i dag eit knutepunkt på Søre Sunnmøre, med to store nye vegsamband, Kvivsvegen og Eiksundsambandet. Det er 5 minutt frå sentrum til flyplass med 6-7 daglege avgangar til Oslo, og Volda har både Høgskule og Fylkessjukehus. Mange voldingar ser fram til å få eit handverksbakeri a la Bakeriet i Lom, og gjennomgangstrafikken frå Nordfjord og øyane på Ytre Sunnmøre vil få ein ekstra god grunn til ein liten stogg i Volda. Det blir eit unikt konsept å kunne vise gangen frå korn til mjøl, og vidare til brød i bakeriet for så til slutt å nyte det ferdige produktet i en flott kafe med utsikt til fjord og fjell.

Sunkost Volda opna dørene 24. oktober 2014 i lokala der Mylneriet var tidlegare. Dagleg leiar er Janne Moe. No kan mjølet frå kvernene kjøpast her, samt mange andre spanande og helsebringande produkt.

Ny mylnar, Thomas Moe, kom på plass frå 18. mai 2016. Kulturrådet har gjeve støtte til opplæringa i dette sjeldne handverket.

 

mylna_volda_presentation_finale.pdf

Kafeen Mylneriet vart nedlagd i dei gamle kafelokala 13. september 2014. Her er litt av opplysningane frå den tida kafeen var i drift;
Opningstider

Kafeen har ope:
Tysdag-fredag 10.00-16.30.
Laurdag 10.00-15.30.

 

Velkomen innom.

Mylneriet

Alva bak disken.
Alva bak disken.

Mylneriet tek hand om både butikksal og kafedrift. Opning 18.10.06 med god dekning på både radio og TV. Kjendiskokk og superbakar Morten Schakenda frå Bakeriet i Lom var til stades på opningsdagen, og Mylneriet var så fullt av folk - både voldingar og utanbygds folk - at vi vart utselde for varer før kl. 12.00 kvar dag første veka. I denne kafeen kan du nyte god kaffi eller te til kaker og bakverk frå Bakeriet i Lom i ei god atmosfære frå fordums tider.

Mylneriet har selt Schakendabrød og bakevarer frå oppstart i 2006 til påska 2013. Vi gler oss over planane til ny kafe/bakeri på sjøsida. Kafeen treng nytt og større kjøkken, samt meir plass til gjestane for å kunne utvikle seg vidare. Kafeen er idag kundane sitt første møte med Mylnå. Her blir historia presentert på veggane, og mjølet frå steinkvernene blir selt lokalt i kafeen Mylneriet.

Mylnå finn du her

32718_thumb.jpg
Volda El.Mylne AS | Tlf. 70 05 55 10 1 Fax:70 05 55 11 | Epost | Hamnegt. 16 | Pb.104 | 6100 Volda CMS og design: Osberget