logo_utan_firmanamn968.png
Heim Epost Sidekart Handlekorg Gå til handlekorg:
Meny

Mylnå sine planar under arbeid siste åra, og vegen vidare framover

render_framan_kvold_sky_2.jpg

Fleire store prosjekt har vore under arbeid siste åra, Nytt bakeri og kafe, Economuseum/Visningssenter på Mylnå og ny visuell identitet. Arbeidet med ny visuell identitet vart støtta av Innovasjon Norge, og Ulstein IT Senter (no Osberget AS) fekk oppdraget med å gje Volda El. Mylne ny logo, nettside, nettbutikk og ny emballasjedesign. Dette prosjektet vart avslutta i 2012 og stettar fleire av vilkåra for å gjere Mylnå til eit visningssenter. Mylnå blir det første Economuseum/Visningssenter i Møre og Romsdal for handverkstradisjonar og produkt. Det vert her stilt krav om driftstid, tal tilsette, produktkvalitet, nyskapande produkt, opningstider, å ta imot besøkande, lokalisering i høve turistrute, helse, miljø sikkerheit, kvalitet på bygning, samarbeid med nasjonale og internasjonale nettverk, å engasjere yngre menneske i handverksopplæring, utvikling av ny design og samarbeid med lokale kunstnarar og høgskule/universitet. Forprosjektet fekk støtte frå Møre og Romsdal fylke, Volda kommune og Sparebank1. 

Mylnå har arbeidd i fleire år med planlegging av nytt, stort bakeri og ny flott kafe mot sjøsida i samband med ombyging av "storelageret". Volda er i dag eit knutepunkt på Søre Sunnmøre, med to store nye vegsamband, Kvivsvegen og Eiksundsambandet. Det er 5 minutt frå sentrum til flyplass med 6-7 daglege avgangar til Oslo, og Volda har både Høgskule og Fylkessjukehus. Mange voldingar ser fram til å få eit handverksbakeri a la Bakeriet i Lom, og gjennomgangstrafikken frå Nordfjord og øyane på Ytre Sunnmøre vil få ein ekstra god grunn til ein liten stogg i Volda. Det blir eit unikt konsept å kunne vise gangen frå korn til mjøl, og vidare til brød i bakeriet for så til slutt å nyte det ferdige produktet i en flott kafe med utsikt til fjord og fjell.

Sunkost Volda opna dørene 24. oktober 2014 i lokala der Mylneriet var tidlegare. Dagleg leiar er Janne Moe. No kan mjølet frå kvernene kjøpast her, samt mange andre spanande og helsebringande produkt.

Ny mylnar, Thomas Moe, kom på plass frå 18. mai 2016. Kulturrådet har gjeve støtte til opplæringa i dette sjeldne handverket.

 

Møre og Romsdal Fylke, Volda kommune, Høgskulen i Volda, Sunnmøre Museum, Furene AS og lokale bankar har delteke på møter om og har signalisert støtte til Economuseumsprosjektet. Sporstøl Arkitekter har arbeid med prosjektet frå hausten 2010.

 Ein vesentleg del av dette prosjektet omhandlar tilbygg (nytt bakeri) og ombygging av det gamle mylnebygget slik at meir av det opphavlege kjem fram. Eksempel på dette er tilbakeføring av taket på mylnebygget frå eternitt til papp, ombygging av taket over kafeen til valmtak og oppattbygging av pipa slik som bilete frå 1940-50 talet viser. Fleire av vindauga i mylnebygget blir gjort meir synlege og tilbakeført til opphavleg stil. Storelageret (ca 500m2) vert rive og erstatta med nybygg. Her skal ein få plass til nytt bakeri a la Bakeriet i Lom. Kafeen vert flytta til sjøsida og rusta opp med nytt kjøkken i tilknyting til bakeriet, slik at kundane kan sitte og nyte god mat til den fantastiske utsikta der.

Formidling av Mylnå, av historikk, maling av korn på steinkverner, baking i vedfyrt steinovn,  omvisning, m.m. blir viktige aktivitetar der vi gjerne kan tenkje oss  eit samarbeid med Høgskulen i Volda og Sunnmøre Museum. Her kan vi i fellesskap lage til opplegg for studentar, skuleklassar på forskjellige trinn og busslastar med turistar. Volda El. Mylne er allereie med i "Fjordglimt", reiseruteprosjektet i fylket (som einaste bedrift i Volda).

Reint lokalhistorisk er prosjektet av stor betydning sidan den unike Elvadalen går frå Rotevatnet, gjennom sentrum og munnar ut ved sjøen og Mylnå. Dette området har spela ei stor rolle for industriutviklinga i Volda, og her er tilrettelagt for turgåing/omvisning, og fleire av kvernhusa, elektrisitetsverk, smie, støyperi, m.m. kan opplevast på vegen mot sjøen. Historia om Elvadalen vil vi presentere på Mylnå i nært samarbeid med Sunnmøre Museum. Kanskje kan vi dele på ei formidlingsstilling med Bygdetun og Høgskule?

Ny nettside, nettbutikk og posedesign er viktig for mjølomsetninga vår i daglegvarebutikkar og bestillingar på nett. Likeeins vil konseptet ”Economusee Northern Europe” gje oss ein ekstra arena for omsetjing av produkt direkte til kjøpar, samt meir solid grunnlag for vidareføring av handverkskunnskapen. I tillegg til økonomisk verdiskaping har Economusea vist seg å ha andre viktige resultat;

  • Handverksverksemdene, handverksfaga og tradisjonsprodukta får auka status og merksemd.
  • Folk får ei god oppleving av landsdelen sine historisk interessante produkt og tradisjonshandverk.
  • Verksemda får auka sal og vert motorar for kulturbasert verdiskaping i heile lokalsamfunnet.

Presentasjon av Economuseum/Visningssenter på Mylnå:

mylna_volda_presentation_finale.pdf
Volda El.Mylne AS | Tlf. 70 05 55 10 1 Fax:70 05 55 11 | Epost | Hamnegt. 16 | Pb.104 | 6100 Volda CMS og design: Osberget