logo_utan_firmanamn968.png
Heim Epost Sidekart Handlekorg Gå til handlekorg:
Meny

Storhende på Mylna i seinare tid

I løpet av siste åra har Mylnå motteke fleire prisar. 11. juni 2008 mottok Volda El. Mylne kvalitetsmerket Olavsrosa frå Norsk Kulturarv som den femte staden her i fylket og grunnen var: ” forbilledlig kombinasjon av tradisjonell bruk og modernisering som ivaretar og fornyer det tekniske utstyret gjennom opprettholdelse av en unik håndverkstradisjon” iflg. styreleiar Inger-Lise Skarstein.

 

Same året vart produktet platetørka havregryn tildelt prisen ”Årets råvare frå land” under Matfestivalen i Ålesund, og havregryna var ein viktig ingrediens i desserten under Årets Måltid i Stavanger 30.10.08. Mylnå har vore 3 gongar på ”Norge Rundt”, og hadde i november 2008 innslag i Norgesglasset 3 dagar på rad, med forskjellige tema, m.a. kostfiber og produksjon av havregryn.

I 2006 fekk Mylnå Målprisen frå Volda Mållag. 

Volda El. Mylne har godkjend sjåverdigheitsmerking (einaste i Volda utanom bygdetunet) av Statens vegvesen, og stort, brunt skilt med symbol for sjåverdigheit og servering kom opp ved riksvegen i februar 2010, etter anbefaling frå fylkeskonservatoren.

 26. mai i 2010 mottok Mylnå ei utmerking frå Kulturminnefondet for vel utført arbeid med prosjektnr ”07360 Mølle med steinkvern” (sjå Møre 27.05.10). Dette gjeld bygging av ny kvern og produksjonslinje etter mål frå dei to steinkvernene som har vore der heile tida.

 I 2005 vart prosjektnr 1257105 ”hogging av kvernsteinar” gjennomført etter oppdrag frå NHU (Norsk Handverksutvikling). Rapporten dokumenterer dette (”utdøydde”) handverket for ettertida.

Mylnå i Norgesglasset 25, 26. og 27. nov. 08 Tema om Mylnå, om vår prisbelønte platetørka havregryn og om kostfiber og grovheitsmerking. Opptak kan hentast ut frå NRK sine nettsider:

http://www1.nrk.no/nett-tv/indeks/151771

Mylnå på Norge Rundt 7.12.2007:

http://www1.nrk.no/nett-tv/indeks/116092

Volda El.Mylne AS | Tlf. 70 05 55 10 1 Fax:70 05 55 11 | Epost | Hamnegt. 16 | Pb.104 | 6100 Volda CMS og design: Osberget