Historikk
Mylnå i Volda har tradisjonar frå 1864, då den vart bygd ved Øyraelva, og vart driven med vasskraft. Seinare vart utstyret flytta til Dalebuda på Rotset, der ein dreiv til bygget brann ned til grunnen 13.12.1936. Aksjeselskapet Volda Elektriske Mylne AS vart skipa i 1930, og noverande mylnebygg stod ferdig i 1937. Mylnå vart bygd som ei moderne bygdemylne, der 3 kverner stod på rekke, med drift frå ein underliggande drivaksling. Kraftoverføringa til kvernene føregjekk med flatreimar. Frå den horisontale drivakslingen måtte reimoverføringa vendast 90 grader og innpå reimskiva på den vertikale akslingen til kvernene. Dette vart gjort ved hjelp av to vendetrinser. Trinsene vart og brukt til stramming av reimane.
Dei to opphavlege kvernene har i dag kvar sin motor og kilereimsdrift. Mylnå hadde og to vedfyrte platetørker, desse er og intakt, der den eine er i bruk og har fått elektrisk oppvarming.
Det fins ein del litteratur om dei første åra, både før og etter brannen, m.a. ”AS Volda Elektriske Mylne – ei eventyrleg soge” av Olav Aarflot, og eit historisk særarbeid frå 1978 av Ragnhild Lied (dotterdotter til tidlegare disponent ved Mylnå, Johs. Sæbø).
Maskiner og utstyr (steinkverner, skalmaskin, valsestol, m.m.) er for det meste frå 1930-talet, og produksjonen har bestått av ulike typer matmjøl, samt byggrøpp og valsa havre til dyrefor. Slike møller som Volda Elektriske Mylne var vanlege i dei fleste kommunar, men ny teknologi med hammarkverner og valsemøller utkonkurrerte steinkvernene, særleg frå 50-talet og utover, så etter den tid har så godt som alle tilsvarande anlegg enten vorte moderniserte eller nedlagde.
I 1973 kjøpte Felleskjøpet 90% av aksjane i selskapet, og Mylnå fungerte etter det som eit innkjøpslag i samarbeid med Felleskjøpet på tonnvarer (driftsmiddel) til bøndene i Volda-området. Det har vore med folk frå ”Malar-familien” heilt fram til Felleskjøpet overtok verksemda. I denne perioden vart det bygd nytt lager (1982) og ny butikk (1984). Under denne utbygginga vart den eine steinkverna fjerna, men det meste av mylneutstyret vart heldigvis teke vare på og halde vedlike ved ein årsproduksjon på 2-5 tonn havremjøl og bygg-grøpp pr år.
Felleskjøpet tok over drift av butikk og tonnvaresal i 1989. Volda El. Mylne stod etter dette for utleige av butikk/lager til Felleskjøpet, samt produksjon av matmjøl.
Våren 1991 vart innslag frå Mylnå vist på ”Norge Rundt”, og i dei komande åra fekk Mylnå god dekning i lokal- og landsdekkande presse. På 90-talet hadde ein faste leveransar til fleire grossistar og bakeri. Mylneanlegget vart påkosta kr 200.000, og det vart bygd 3 nye råvaresiloar, tørkesilo og nytt støvavsug. Like før OL i 1994 var ein så heldig å få tak i 5 ubrukte, støypte kvernsteinar frå Lillehammer-området. Slike steinar er umogleg å framskaffe i dag, då ingen kan kunsten å lage dei lenger.
Hovudaksjonær Møre Felleskjøp la ned den kommersielle delen av matmjølproduksjonen i 1996, og la i 1999 ned butikk og lager i Volda, for å samle aktivitetane sine på avdelinga i Ørsta, ca 1 mil unna.
Mylnå etter tusenårsskiftet.
Elias Moe vart tilsett som disponent ved Volda El. Mylne 01.12.1987, og var der til Mylnå/FK-avdelinga vart lagd ned i 1999. Hausten 2001 fekk Elias Moe kjøpt Mylnå, og i februar 2002 var hus og maskiner opprusta med tanke på auka sal til butikk og bakerikjeder, og dei første prøveproduksjonane kunne startast. Lageret vart utleigd til Haugen Bok, og offisiell nyopning av Volda El. Mylne var 24.05.2002.
Selskapet Mylnå Eigedom vart skipa 20.04 2001, og eig hus og maskinar. Volda El. Mylne leiger hus og maskinar frå eigedomsselskapet, og tek seg av mjølproduksjon, sal og marknadsføring.
Sprinklaranlegg vart installert i alle etasjar i 2002, for å sikre hus og utstyr mot brann, sidan det er så godt som umogleg å erstatte maskiner og utstyr som er i bruk på Mylnå.
Ny pakkemaskin vart innkjøpt i 2006 og nytt sikt 2007. Pakkemaskinen står i eit eige tilbygg (den gamle ”tarmen”) mot søraust. Det elektriske anlegget vart oppdatert med nytt inntaks og fordelingsskap i 2008. Etter 2006 har ein arbeidd med eit spesielt prosjekt, nemleg bygging av ei ny steinkvern etter mål av dei to som står att i dag. Ei av dei tre opphavlege steinkverne vart fjerna før bygging av nytt lager og butikk tidleg på 80-talet. Nokre delar av denne kverna vart teke vare på, men det viste seg å bli vanskeleg å finne folk til å lage dei delane som mangla. Det vart nytta både lokale snikkarar, bygdesmedar og ekspertar utanfrå. Den nye kverna vart ferdig i 2010, og kan tilknytast ei eiga produksjonslinje, slik at ein utan store investeringar høve til å produsere glutenfritt mjøl.
Mylneriet AS vart skipa i oktober 2006, og stod for drift av butikk/kafe der folk kunne få kjøpe og smake på mjølet frå steinkvernene, steinovnsbakte Schakendabrød frå Lom og lokal gardsmat. I kafélokala kunne ein nyte god mat og kaffi/te, og få historia til Mylnå presentert i tekst og bilete. Kafeen var gjestane sitt første møte med Mylnå før eventuell omvisning og ekstra informasjon. Kafeen Mylneriet vart nedlagd 13. september 2014, grunna arbeidet med ny kafe ved sjøsida.
Sunkost Volda opna dørene 24. oktober 2014 i same lokala som Mylneriet nytta tidlegare. Dagleg leiar er Janne Moe. Mylnemjølet vert selt i Sunkostbutikken, og der kan ein også finne mange andre spanande og helsebringande produkt.
Eit mølleanlegg som vektlegg maling av matkorn basert på gamalt og tradisjonelt utstyr, kompetanse og produksjonsteknikk må tilpassast nye krav frå offentlege tilsyn og forskrifter. Bedrifta har på plass IK-Matsystem, HACCP og Debio-godkjenning. Ein har vidare dokumentert gamle teknikkar, eksempelvis hogging av støypte kvernsteinar (NHU-prosjektnr. 1257105) for ettertida. Med dei store påkostnadene siste åra er maskinparken opprusta til å klare vesentleg større produksjon, og ein gjennomgang av alle prosjekt vi har gjennomført frå nyåpninga i 2002 til utgangen av 2010 viser at ein har investert for kr 5.544.000 i opprusting av anlegget (hus, maskinar og utstyr), nye maskinar, ny kafe, marknadsføring og utvikling.
Historiske bilde