logo_utan_firmanamn968.png
Heim Epost Sidekart Handlekorg Gå til handlekorg:
Meny

Mylneball (Oppskrift frå Volda)

5 kg store poteter (helst ikkje nypoteter). Skrell og rasp potetene for hand.Dette blir ca 4-4,5 kg ferdig skrelte poteter (ca ¾ grovraspa og ¼ finraspa).
Til 4,5 kg skrelte poteter:3 koppar steinmalt byggmjøl 1 kopp sammalt spelt ½ kopp steinmalt kveitemjøl 4,5 (toppa) t.s. salt Hald litt igjen på mjølet så ikkje ballen blir for fastKan redusere litt byggmjølet og auke på spelt.
Dotten: nyretalg av hjort, evt. salt sideflesk m/litt kjøt – gjerne røykt, mjuk spekemår. Tilbehør: bacon, rabbe (store bitar), gulrot, pølser,svinemår, dampamår (hjort), salt kjøt (kje).
Kommentarar:
Det er viktig å prøve seg fram. Denne oppskrifta er berekna på mjøl frå Mylnå.
Skal ein bruka anna mjøl trengs det meir mjøl, sidan mylnemjølet trekker meir vatn.

Volda El.Mylne AS | Tlf. 70 05 55 10 1 Fax:70 05 55 11 | Epost | Hamnegt. 16 | Pb.104 | 6100 Volda CMS og design: Osberget