Valsa bygg
Bygg er "i skuddet" for tida, og valsa bygg er spennande å bruke i bakverk, potetball, m.m.
Produktkvalitet
Volda El. Mylne kjøper bygg frå dei områda i landet som til ei kvar tid har dei beste råvarene. Bygg som blir valsa på denne måten egnar seg godt til baking, men må iblandast finare kveite el. speltmjøl for å få gode bakeeigenskapar.
Volda El. Mylne har Debio-godkjenning, IK-Matsystem og er godkjend som matmjølprodusent av Mattilsynet.
Framstillingsmåte
Valsa bygg frå Volda El. Mylne blir produsert på gamlemåten av maskiner frå tidleg på 1900-talet. Først blir byggkorna reinsa og avskala (spissa) i ei avskalingsmaskin (byggskrelle). Byggkorna blir her rulla mellom ein sylinderforma stein og botnen av maskina, som også er av stein. Slik blir ca 10% av kornet fjerna på ein skånsom måte. Deretter blir det spissa byggkornet (også kalla bygg-gryn) valsa ekstra grovt på ein gamaldags valsestol. Valsene er glatte, og det er berre drift på den eine. Denne forsiktige behandlinga av kornet gjer at det ferdige produktet består av relativt store byggflak og lite finstøv. Dette er ein betre måte å ødelegge stivelsen på og det endrar vassopptaket, og det er truleg derfor valsa bygg har vorte så populær til baking.
Varedeklarasjon
Vassprosent ved innveging:12,8
Energi, KJ: 1199
Protein, g: 11,1
Feitt, g: 1,4
Karbohydrat, g: 56,2
Mineral, g: 2,0
Kostfiber, g: 16,5
Utmalingsgrad: 90%
Produktbeskriving
Valsa bygg har ein fin, lys farge og god lukt og smak. Valsa bygg får ein grov struktur som kan minne litt om havregryn. Det er lite finstoff (finmjøl) i sluttproduktet
Bruksområde
Valsa bygg og byggmjøl har frå gamalt av blitt brukt til m.a. graut, suppe, blodmat og flatbrød. I dei seinare år har byggen også blitt brukt til bakverk som ostehorn, brød og pannekaker, samt til pasta, barnemat, vafler og kaker. Byggmjøl har i alle år blitt brukt til potetball, raspeball, og vi har fått tilbakemeldingar frå både storprodusentar og privatfolk at steinmalt og valsa bygg i potetballen gir mjukare ball (vakumpakka), betre smak og konsistens, og er betre for magen. Valsa bygg er i det siste blitt populært til bakverk, sidan det gir grov struktur, god haldbarheit og smak i brøda.