logo_utan_firmanamn968.png
Heim Epost Sidekart Handlekorg Gå til handlekorg:
Meny

Kveitevals - valsa kveite - økologisk

Kveitevals vert valsa ekstra grovt på ein enkel valsestol. Svært populært til brødbakst som grovbrød og rundstykke.

Produktbeskriving;
Kveitevalsen får ein ekstra grov struktur som kan minne litt om havregryn. Det er lite finstoff (finmjøl) i sluttproduktet
 
Produktkvalitet;
Volda El. Mylne kjøper  matkveite frå dei områda i landet som til ei kvar tid har dei beste råvarene. All kveiten vi nyttar er økologisk dyrka. Økologisk kveite som blir valsa på denne måten har ord på seg for å ha gode bakeeigenskapar, og kveitevals til brødbaking har i mange år vore mykje etterspurt frå privatkundar. I dag er vi truleg åleine om å produsere kveitevals.
Volda El. Mylne har Debiogodkjenning, IK-Matsystem (inkl. HACCP) og er godkjend som matmjølprodusent av Mattilsynet.
 
Varedeklarasjon;
Kveitevals, Volda El. Mylne
Vassinnhald: 11,9%
Energi: 1270 kJ
Protein N*6,25: 13,0 %
Feitt: 1,7 %
Karbohydrat: 55,5 %
Kostfiber AOAC: 10,0 %
Sucrose: 0,76 g/100 g
Aske: 1,6 %
Volda El.Mylne AS | Tlf. 70 05 55 10 1 Fax:70 05 55 11 | Epost | Hamnegt. 16 | Pb.104 | 6100 Volda CMS og design: Osberget