logo_utan_firmanamn968.png
Heim Epost Sidekart Handlekorg Gå til handlekorg:
Meny

Platetørka havregryn - økologisk

Platetørka havregryn frå Volda El. Mylne er produsert av norsk , økologisk havre. Etter avskaling og steaming blir havremargen (kjerna) tørka på platetørke og deretter valsa på gamal enkel valsestol. Havregryna får då preg av den gode, gamle ”brentsmaken” som gryna hadde i gamle dagar.

Produktbeskriving;
Platetørka gir havregrynet ein god aroma og ein nøtteaktig smak. Storleiken på gryna er jamt over noko større enn lettkokte havregryn

Produktkvalitet;
Volda El. Mylne kjøper havre frå dei områda i landet som til ei kvar tid har dei beste råvarene. All havren vi nyttar er økologisk dyrka.

Volda El. Mylne har Debiogodkjenning, IK-Matsystem (inkl. HACCP) og er godkjend som matmjølprodusent av Mattilsynet.

Varedeklarasjon;

- Platetørka havregryn, Volda El. Mylne
- Vassinnhald: 10,8%
- Energi: 1420 kJ
- Protein N*6,25: 12,7 %
- Feitt: 6,6 %
- Karbohydrat: 57,1 %
- Kostfiber AOAC: 11,1 %
- Sucrose: 0,96 g/100 g
- Aske: 2,0 %

Bruksområde;
Platetørka havregryn vert brukt til bakverk, graut, supper, potetball, frukostblandingar eller ganske enkelt med mjølk og sukker til.. Sidan strukturen er så grov er mjølet også godt egna til strø og dekor. Grovbrød og grove rundstykke får grov struktur og vert saftige, fyldige og velsmakande ved å tilsette platetørka havregryn i deigen.

Volda El.Mylne AS | Tlf. 70 05 55 10 1 Fax:70 05 55 11 | Epost | Hamnegt. 16 | Pb.104 | 6100 Volda CMS og design: Osberget