Sikta emmer - økologisk
Mange ser ut til å tåle urkorna spelt og emmer betre enn kveite. Vi mel emmerkornet direkte på ei steinkvern som er berekna for maling av skalfrie kornslag. Sikta emmer frå Volda El. Mylne har svært høg utmalingsgrad (ca 92%), og er testa ut hos Nofima Mat (tidl. Matforsk). Norsk emmer er periodevis vanskeleg å få tak i, så vi har ikkje alltid sikta emmer på lager.
Produktkvalitet
Vi nyttar i dag kun norskprodusert korn, og all emmeren vår er økologisk.
Korn som blir male på store, norske steinkverner har ord på seg for å ha gode bakeeigenskapar.
Volda El. Mylne har Debio-godkjenning, IK-Matsystem (inkl. HACCP) og er godkjend som matmjølprodusent av Mattilsynet.
Framstillingmåte
Emmerkornet blir først avskala og reinsa, så male på steinkvern som er hoggen spesielt til føremålet, nemleg maling av korn med lite fiberinnhald (skal). Deretter blir mjølet sikta.
Varedeklarasjon
Energi, kJ: 1480
Protein, g: 12,7
Feitt, g: 3,7
Jern: 3,9
Kopar: 0,59
Sink: 4,9
Produktbeskriving
Det sikta emmermjølet har ein lys, beigeaktig farge, og det blir sikta på eit 200 my sold
Bruksområde
Sikta emmer vert hovudsakleg nytta til allslags bakst, graut, sausar, supper, m.m. der sikta kveitemjøl og sikta spelt kan nyttast.