logo_utan_firmanamn968.png
Heim Epost Sidekart Handlekorg Gå til handlekorg:
Meny

Sikta kveitemjøl - økologisk

Vi mel kveitekornet direkte på ei steinkvern som er tilpassa maling av skalfrie kornslag. Sikta kveite frå Volda El. Mylne har høg utmalingsgrad (ca 85%), og er testa ut hos Nofima Mat (tidl. Matforsk).

Produktkvalitet
Volda El. Mylne kjøper matkveite frå dei beste kornområda her til lands, og all kveiten vår er økologisk.
Økologisk kveite som blir malen på gamlemåten (store steinkverner) har ord på seg for å ha gode bakeeigenskapar.
Volda El. Mylne har Debio-godkjenning, IK-Matsystem (inkl. HACCP) og er godkjend som matmjølprodusent av Mattilsynet.

Framstillingmåte
Kveitekornet blir først avskala og reinsa, så malt på steinkvern som er hoggen spesielt til føremålet, nemleg maling av korn med lite fiberinnhald (skal). Deretter blir mjølet sikta.

Produktbeskriving
Det sikta kveitemjølet har ein kvit farge, og det blir sikta på eit 200 my sold

Varedeklarasjon er ikkje klar i skrivande stund, men kjem etter kvart når vi får fleire analyseresultat på bordet.

Volda El.Mylne AS | Tlf. 70 05 55 10 1 Fax:70 05 55 11 | Epost | Hamnegt. 16 | Pb.104 | 6100 Volda CMS og design: Osberget