logo_utan_firmanamn968.png
Heim Epost Sidekart Handlekorg Gå til handlekorg:
Meny

Steinmalt avskala emmer - økologisk

Mange ser ut til å tåle urkorna spelt og emmer betre enn kveite. Vi mel emmerkornet direkte på ei steinkvern som er berekna for maling av skalfrie kornslag. Steinmalt avskala emmer frå Volda El. Mylne blir malen på stor steinkvern etter avskaling. Norsk emmer er periodevis vanskeleg å få tak i, så vi kan vere tom for steinmalt emmer på lager.

Produktkvalitet
Vi nyttar i dag kun norskprodusert korn, og all emmeren vår er økologisk.
Korn  som blir male på store, norske steinkverner har ord på seg for å ha gode bakeeigenskapar.
Volda El. Mylne har Debio-godkjenning, IK-Matsystem (inkl. HACCP) og er godkjend som matmjølprodusent av Mattilsynet.

Framstillingmåte
Emmerkornet blir først avskala og reinsa, så male på steinkvern som er hoggen spesielt til føremålet, nemleg maling av korn med lite fiberinnhald (skal).

Varedeklarasjon
Energi, kJ: 1480
Protein, g: 12,7
Feitt, g: 3,7
Jern: 3,9
Kopar: 0,59
Sink: 4,9

Produktbeskriving
Steinmalt avskala emmermjøl har ein lys, beigeaktig farge.  Produkt av steinmalt emmer får god smak og lukt, og iflg Jørn Ussing Larsen ved Bageriet Aurion i Danmark gir emmer eit ”mørkt og meget aromatisk brød der i farve minder om rugbrød, men den har en helt annerledes aroma som man ikke kender fra andet mel”.

Bruksområde
Steinmalt emmer vert hovudsakleg nytta til allslags bakst, graut, sausar, supper, m.m. der sammalt kveitemjøl og sammalt spelt kan nyttast.

Volda El.Mylne AS | Tlf. 70 05 55 10 1 Fax:70 05 55 11 | Epost | Hamnegt. 16 | Pb.104 | 6100 Volda CMS og design: Osberget