Steinmalt ertermjøl - økologisk
Ertermjøl frå Volda El. Mylne er male på stor steinkvern, og råvarene er ekte ringerikserter som er dyrka utan bruk av sprøytemiddel eller kunstgjødsel. Svært proteinrikt mjøl som gir velsmakande flatbrød og brød. Erter kan vere vanskeleg å få tak, så vi kan periodevis vere tomme for ertermjøl.
Produktbeskriving
Steinmalt ertermjøl får farge etter fargen på erta. Den mest vanlege fargen er grøn, men også gul og grå forekjem. Ertermjølet får ein finmalt struktur. Proteininnhaldet (22%) er om lag dobbelt så høgt som i vanleg mjøl av korn. Sidan heile erta er med vert mjølet også fiberrikt.
Bruksområde
Ertermjøl har frå gamalt av vore nytta til flatbrød, brød, stuing, supper, m.m. Sidan ertermjøl er lite kjent på vestlandet tek vi imot tips og oppskrifter med takk.
Framstillingsmåte
Volda El. Mylne mel ertermjølet på gamlemåten, på stor steinkvern, etter same prinsipp som dei gamle gardskvernene har male på i fleire hundre år. Før maling vert ertene reinsa, men ingenting av fiber eller skalfraksjon vert fjerna. Ertermjølet vårt inneheld difor 100 % av bestanddelane i råvarene, så mjølet kan med rette beteknast som sammalt.
Produktkvalitet
Volda El. Mylne nyttar ekte ringerikserter som ikkje har vore i kontakt med sprøytemiddel eller handelsgjødsel. Mange meiner i tillegg at den gamaldagse maleprosessen gir spesielt gode bakeeigenskapar. Ertermjølet har større innhald av gunstige einumetta feittsyrer enn kveite, bygg og rug. Sukkerinnhald på heile 2,51% (av dette 2,3% sucrose)
Volda El. Mylne har Debio-godkjenning, IK-Matsystem (inkl. HACCP) og er godkjend som matmjølprodusent av Mattilsynet.
Oppbevaring: Tørt og kjølig, skild frå varer med sterk lukt.
Mjølet kan frysast.
Varedeklarasjon
- Vassinnhald: 12,6 % ved innveging.
- Protein (N*5,7): 22,0 %
- Feitt/Soxtec: 1,2 %
- Kostfiber-total: 14,1 g/100g
- Sucrose, g: 2,3
- Råaske, 550*C: 2,7 %
- Karbohydrat: 47,4 %