Steinmalt rugmjøl - økologisk
Vi mel rugmjølet på steinkvern som er spesiallaga for maling av skalfattige kornslag. Steinmalt rugmjøl vert i hovudsak nytta til bakverk. Grovbrød og grove rundstykke får grov struktur og vert saftige og gode ved å nytte ein rel. stor andel av steinmalt rugmjøl i deigen. Rug egnar seg også godt til flatbrød, graut og supper. All rugen er økolgisk.
Framstillingsmåte
Volda El. Mylne mel rugmjølet på steinkvern som er hogd spesielt til føremålet, nemleg å male skalfattige (nakne) kornslag. Kornet vert rensa før maling, men ingen delar (skal, o. l.) vert fjerna, så mjølet er sammalt .
Varedeklarasjon
Steinmalt rugmjøl Volda El. Mylne
Vassprosent 12,1
Energi 293 kcal/100g
Protein, g 8,0
Feitt, g 1,4
Karbohydrat, g 62,1
Kostfiber g 14,9
Mineral g 1,5
Produktkvalitet
Volda El. Mylne kjøper rug frå dei områda i landet som til ei kvar tid har dei beste råvarene. All rugen vi nyttar er økologisk dyrka.
Mange hevdar at denne gamaldagse maleprosessen (steinkverner) gir betre bakeeigenskapar.
Volda El. Mylne har Debio-godkjenning, IK-Matsystem og er godkjend som matmjølprodusent av Mattilsynet.
Produktbeskriving
Steinmalt rugmjøl har noko mørkare farge enn tilsv. mjøl av eksempelvis spelt og kveite, og rugen ”støvar” litt meir enn andre kornslag. Når ein utnyttar 100% av kornet vert mjølet fiberrikt, men rugmjølet ser likevel relativt finmale ut, sidan steinkvernene er innstilde på å male fiberfraksjonen til små fliser på opptil 1-2 mm.