Svarthavremjøl
Svarthavre er urhavren vi dyrka her til lands før den kvite og gule havren tok over. Svarthavre har meir skal og mindre kjerne enn nyare havresortar, og inneheld 5% meir feitt og 20% mindre protein, samt meir fiber og antioksidantar. Svarthavre kan til tider vere vanskeleg å få hand om, så difor kan vi enkelte år vere tom for svarthavremjøl.
Både svarthavremjølet og produkta får ein mørkare farge enn andre havreprodukt. Bruksområde som vårt sammalte havremjøl. Svarthavremjølet inneheld 15% meir kostfiber enn sammalt havremjøl.