logo_utan_firmanamn968.png
Heim Epost Sidekart Handlekorg Gå til handlekorg:
Meny

Valsa emmer - økologisk

Urkornet emmer vert avskala og valsa ekstra grovt på ein enkel valsestol. Svært populært til brødbakst som grovbrød og rundstykke. Norsk emmer kan vere vanskeleg å få tak i, så vi kan til tider vere tom for valsa emmer på lager.

 

Produktbeskriving;
Valsa emmer får ein lys og fin brunaktig farge. Strukturen er grov, og kan minne om havregryn. Produkt av valsa emmer får god smak og lukt, og iflg Jørn Ussing Larsen ved Bageriet Aurion i Danmark gir emmer eit ”mørkt og meget aromatisk brød der i farve minder om rugbrød, men den har en helt annerledes aroma som man ikke kender fra andet mel. ”
Det er lite finstoff (finmjøl) i sluttproduktet.
 
Produktkvalitet;
Volda El. Mylne kjøper emmer frå dei områda i landet som til ei kvar tid har dei beste råvarene. Emmer (kveite og spelt) som blir valsa på denne måten har ord på seg for å ha gode bakeeigenskapar. All emmer vi nyttar er økologisk dyrka.
Viser til utprøving hos Nofima AS ang bakekvalitet, farinogram, falltal, osv, dat. 18.09.09
Volda El. Mylne har Debiogodkjenning, IK-Matsystem (inkl. HACCP) og er godkjend som matmjølprodusent av Mattilsynet.
 
Varedeklarasjon;
Kveitevals, Volda El. Mylne
Vassinnhald: 10,8%
Energi: 338 kcal/100 g
Protein N*6,25: 13,3 %
Feitt: 2,3%
Karbohydrat: 60,5 %
Kostfiber AOAC: 11,0 %
Aske: 2,1 %
 
Bruksområde;
Valsa emmer vert i hovudsak brukt til bakverk, men også til graut, supper, flatbrød, frukostblandingar, m.m.. Sidan strukturen er så grov er mjølet også godt egna til strø og dekor. Grovbrød og grove rundstykke får grov struktur og vert saftige, luftige og velsmakande ved å nytte f. eks 20-40% valsa emmer i deigen.

 

Volda El.Mylne AS | Tlf. 70 05 55 10 1 Fax:70 05 55 11 | Epost | Hamnegt. 16 | Pb.104 | 6100 Volda CMS og design: Osberget