Skriv ut

Valsa rug - økologisk

Valsa rug frå Volda El. Mylne blir valsa ekstra grovt på ein gamaldags valsestol. Denne prosessen gir det ferdige produktet ein spesiell grov struktur samanlikna med andre valsa produkt og sammalt (grovmalt) rugmjøl.

Framstillingsmåte
Rugkorna blir først reinsa og avskala i skalmaskina før dei blir ekstra grovt valsa.

Varedeklarasjon
Valsa rug, økologisk, Volda El. Mylne
Vassprosent ved innveging:12,4
Energi, Kcal/100g: 289
Protein, g: 7,4
Feitt, g: 1,0
Karbohydrat, g: 62,6
Askel, g: 1,
Kostfiber, g: 15,0

Produktbeskriving
Valsa rug får ein grov struktur som kan minne litt om havregryn. Det er lite finstoff (finmjøl) i sluttproduktet, men rugen ”støvar” meir enn andre kornslag. Valsa rug får ein noko mørkare blåaktig farge enn eksempelvis valsa spelt og kveitevals.

Bruksområde
Valsa rug vert i hovudsak nytta til bakverk. Grovbrød og grove rundstykke får grov struktur og vert saftige, luftige og gode ved å nytte ein relativt stor del av valsa rug i deigen. Sidan strukturen er såpass grov er valsa rug godt egna til strø/dekor på bakverk. Rug egnar seg også godt til graut og supper.

Produktkvalitet
Volda El. Mylne kjøper matrug frå dei områda i landet som til ei kvar tid har dei beste råvarene.  All rugen vi nyttar er norskprodusert og økologisk dyrka.
Rug (kveite, spelt) som blir valsa på denne måten har ord på seg for å ha gode bakeeigenskapar.
Volda El. Mylne har Debio-godkjenning, IK-Matsystem (inkl. HACCP) og er godkjend som matmjølprodusent av Mattilsynet.