Skriv ut

Valsa spelt - økologisk

Speltkornet er svært skalrikt, så før valsing må spelten avskalast. Speltkjernene blir klemt (valsa) på ein valsestol, og det ferdige produktet får ein havregrynsliknande struktur. Gir smakfulle og saftige brød.

Produktkvalitet
Råvarene er matspelt av ”opphavelege” sortar som t.d. Oberkulmer Rotkorn  All spelten vi nyttar er norskprodusert og økologisk dyrka.
Spelt (kveite, rug) som blir valsa på denne måten har ord på seg for å ha gode bakeeigenskapar.
Volda El. Mylne har Debio-godkjenning, IK-Matsystem (inkl. HACCP) og er godkjend som matmjølprodusent av Mattilsynet

Framstillingsmåte
Valsa spelt frå Volda El. Mylne blir valsa (klemt) på ein enkel, gamaldags valsestol. Denne prosessen gir det ferdige produktet ein spesiell, grov struktur samanlikna med sammalt (grovmalt)speltmjøl. Speltkornet er uvanleg skalrikt, og før valsing må skalfraksjonen fjernast

Varedeklarasjon
Vassprosent ved innveging:13,8
Energi, KJ: 1318
Protein, g: 14,5
Feitt, g: 1,8
Karbohydrat, g: 59,1
Mineral, g: 2,0
Kostfiber, g: 8,8

Sucrose, g: 0,69

Produktbeskriving
Valsa spelt får ein grov struktur som kan minne litt om havregryn. Det er lite finstoff (finmjøl) i sluttproduktet.

Bruksområde
Valsa spelt vert i hovudsak nytta til bakverk. Grovbrød og grove rundstykke får grov struktur og vert saftige, luftige og gode ved å nytte ein relativt stor del av valsa spelt i deigen. Sidan strukturen er såpass grov er valsa spelt godt egna til strø/dekor på bakverk.